Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 3:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Gå no du til farao med bod frå meg, og før folket mitt, israelittane, ut or Egypt!»

11. Men Moses sa til Gud: «Kven er vel eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut or Egypt?»

12. «Ja,» svara han, «for eg vil vera med deg! Og du skal få eit teikn på at det er eg som har sendt deg. Når du har ført folket ut or Egypt, skal de halda gudsteneste på dette fjellet.»

13. Då sa Moses til Gud: «Men når eg no kjem til israelittane og seier at deira fedrars Gud har sendt meg, og dei spør etter namnet hans, kva skal eg då svara?»

14. Då sa Gud til Moses: «Eg er den eg er. Såleis skal du svara israelittane. ‘Eg Er‘ har sendt meg til dykk.»

15. Så sa Gud til Moses: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt til evig tid, og så skal dei kalla meg frå ætt til ætt.

16. Gå no og kall saman dei eldste i Israel og sei til dei: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, har synt seg for meg og sagt: Eg har halde auga med dykk og sett korleis dei fer åt med dykk i Egypt.

17. Difor vil eg fria dykk ut or Egypt, der de lid vondt, og føra dykk opp til landet åt kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane, eit land som fløymer med mjølk og honning.

18. Dei kjem til å høyra på det du seier. Og så skal de, du og dei eldste i Israel, gå fram for kongen i Egypt og seia: Herren, Hebrearguden, har møtt oss. Lat oss få lov til å fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud!

19. Men eg veit at egyptarkongen ikkje gjev dykk lov til å fara utan at han får kjenna ei sterk hand over seg.

20. Så vil eg lyfta handa og slå egyptarane med alle dei under som eg vil gjera mellom dei. Då skal han la dykk fara.

21. Og eg vil laga det så at egyptarane får godvilje for dette folket, så de ikkje skal fara tomhendte bort.

22. Kvar kone skal be grannekona si eller den ho bur i lag med, om sølv og gull og klede, og det skal de la sønene og døtrene dykkar ha på seg. Det skal vera hærfanget de tek av egyptarane.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 3