Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 29:9-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. spenna beltet om dei, liksom om Aron, og binda dei høge huene på dei. Og sidan skal dei ha retten til prestedømet i all æve.Når du set inn Aron og sønene hans,

10. skal du leia oksen fram til møteteltet, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt oksen.

11. Du skal slakta oksen for Herrens åsyn innmed møteteltdøra.

12. Og du skal ta noko av blodet og stryka på altarhorna med fingeren. Det som er att av blodet, skal du hella ut nedmed altarfoten.

13. Alt feittet på innvolen og leverlappen, og begge nyrene med talga som er på dei, skal du brenna på altaret.

14. Men kjøtet av oksen og skinnet og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer.

15. Så skal du ta den eine veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren.

16. Du skal slakta han og ta blodet og skvetta det rundt ikring på altaret.

17. Sjølve veren skal du lema sund. Innvolen og føtene skal du vaska og leggja oppå stykka og hovudet.

18. Du skal brenna heile veren på altaret. Det er eit brennoffer for Herren. Eit eldoffer til godange for Herren er det.

19. Så skal du ta den andre veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren.

20. Du skal slakta han og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa. Resten av blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret.

21. Og du skal ta noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og kleda hans, og like eins på sønene hans og kleda deira. Då vert han heilag, han sjølv og kleda hans, og like eins sønene hans og kleda deira.

22. Så skal du ta det feitaste av veren, halen, feittet på innvolen, leverlappen, begge nyrene med talga som er på dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsver.

23. Or korga med usyrt brød som står for Herrens åsyn, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og ein brødleiv.

24. Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og la dei svinga det for Herrens åsyn.

25. Du skal ta det or hendene deira og brenna det på altaret saman med brennofferet til godange for Herren. Det er eit eldoffer for Herren.

26. Så skal du ta brystet av vigslingsveren åt Aron og svinga det for Herrens åsyn. Det skal vera din del.

27. Brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift av vigslingsveren åt Aron og sønene hans, skal du lysa heilagt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 29