Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 29:4-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Aron og sønene hans skal du kalla bort til møteteltdøra og vaska dei med vatn.

5. Du skal ta kledebunaden og kle Aron med kjortelen, kappa, efoden og brystduken, binda om han beltet på efoden,

6. setja hua på hovudet hans og festa det heilage diademet på hua.

7. Og du skal ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han.

8. Så skal du føra fram sønene hans og ha på dei kjortlane,

9. spenna beltet om dei, liksom om Aron, og binda dei høge huene på dei. Og sidan skal dei ha retten til prestedømet i all æve.Når du set inn Aron og sønene hans,

10. skal du leia oksen fram til møteteltet, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt oksen.

11. Du skal slakta oksen for Herrens åsyn innmed møteteltdøra.

12. Og du skal ta noko av blodet og stryka på altarhorna med fingeren. Det som er att av blodet, skal du hella ut nedmed altarfoten.

13. Alt feittet på innvolen og leverlappen, og begge nyrene med talga som er på dei, skal du brenna på altaret.

14. Men kjøtet av oksen og skinnet og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer.

15. Så skal du ta den eine veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren.

16. Du skal slakta han og ta blodet og skvetta det rundt ikring på altaret.

17. Sjølve veren skal du lema sund. Innvolen og føtene skal du vaska og leggja oppå stykka og hovudet.

18. Du skal brenna heile veren på altaret. Det er eit brennoffer for Herren. Eit eldoffer til godange for Herren er det.

19. Så skal du ta den andre veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren.

20. Du skal slakta han og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa. Resten av blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret.

21. Og du skal ta noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og kleda hans, og like eins på sønene hans og kleda deira. Då vert han heilag, han sjølv og kleda hans, og like eins sønene hans og kleda deira.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 29