Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 28:8-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Beltet som han skal spennast fast med, skal vevast på same måten som efoden og i eitt med han. Det skal vera av gull, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn.

9. Du skal ta to karneol-steinar, og på dei skal du grava inn namna åt Israels-sønene,

10. seks namn på den eine steinen, og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen.

11. På same måten som ein ritar inn i stein eller grev inn i eit signet, skal du grava inn namna åt Israels-sønene på desse to steinane. Og du skal setja dei i flettverk av gulltråd.

12. Begge steinane skal du setja på akslebanda åt efoden. Dei skal minna om Israels-sønene. Når Aron står for Herrens åsyn, skal han bera namna deira på begge akslene sine og såleis minna om dei.

13. Du skal laga flettverk av gulltråd

14. og to kjeder av reint gull. Dei skal vera tvinna som ein tvinnar snorer. Desse kjedene skal du festa til flettverka.

15. Du skal laga ein brystduk til domsavgjerder. Han skal vera i kunstvevnad og vevast på same måten som efoden. Av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn skal du laga han.

16. Brystduken skal vera firkanta og tvilagd, ei spann lang og ei spann brei.

17. Du skal setja fire rader med innfelte steinar på han. I den eine rada skal det vera ein rubin, ein topas og ein smaragd,

18. i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant,

19. i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst,

20. og i den fjerde rada ein krysolitt, ein karneol og ein jade. Dei skal setjast inn i flettverk av gulltråd.

21. Steinane skal vera tolv i talet, etter namna på Israels-sønene, ein for kvart namn. På kvar stein skal namnet åt ei av dei tolv ættene vera inngrave liksom på eit signet.

22. Til brystduken skal du laga kjeder av reint gull. Dei skal vera tvinna som ein tvinnar snorer.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 28