Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 28:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Desse kleda skal dei laga: brystduk, efod, kappe, rutet kjortel, hue og belte. Det er den heilage kledebunaden som dei skal laga til Aron, bror din, og sønene hans, så dei kan vera prestar for meg.

5. Til det skal dei bruka gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint lingarn.

6. Efoden skal dei laga av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Han skal vera i kunstvevnad.

7. Efoden skal ha to aksleband som er feste i hjørna og held han i hop.

8. Beltet som han skal spennast fast med, skal vevast på same måten som efoden og i eitt med han. Det skal vera av gull, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn.

9. Du skal ta to karneol-steinar, og på dei skal du grava inn namna åt Israels-sønene,

10. seks namn på den eine steinen, og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen.

11. På same måten som ein ritar inn i stein eller grev inn i eit signet, skal du grava inn namna åt Israels-sønene på desse to steinane. Og du skal setja dei i flettverk av gulltråd.

12. Begge steinane skal du setja på akslebanda åt efoden. Dei skal minna om Israels-sønene. Når Aron står for Herrens åsyn, skal han bera namna deira på begge akslene sine og såleis minna om dei.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 28