Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 28:31-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Kappa, som høyrer efoden til, skal du laga heilt igjennom av fiolett ull.

32. Midt på henne skal det vera ei halsopning med ei voven bord ikring, liksom rundt opninga i ei brynje, så ho ikkje skal rivna.

33. Nedst kring kappefalden skal du setja granateple av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, og mellom dei gullbjøller heilt ikring.

34. Fyrst skal det vera ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, og sameleis nedst rundt heile kappefalden.

35. Denne kappa skal Aron ha på seg kvar gong han gjer teneste, så det kan høyrast når han går inn i heilagdomen og stig fram for Herrens åsyn, og når han går ut att – så han ikkje skal døy.

36. Du skal laga ei plate av reint gull. I den skal du grava inn som i eit signet: «Helga til Herren.»

37. Du skal festa henne til ei snor av fiolett ull, og ho skal sitja på hua; framme på hua skal ho sitja.

38. Aron skal ha henne over panna si, så han kan bera den synda som heng ved dei heilage offera israelittane vier til Herren, ved alle dei heilage gåvene dei ber fram. Ho skal alltid sitja over panna hans, så gåvene kan vera til hugnad for Herren.

39. Du skal veva ein rutet kjortel av fint lin og laga ei hue av fint lin og eit belte i mange leter.

40. Til Arons-sønene òg skal du laga kjortlar, og du skal laga belte og høge huer til dei, til ære og prydnad.

41. Dette skal du ha på Aron, bror din, og sønene hans. Og du skal salva dei, setja dei inn og via dei, så dei kan gjera presteteneste for meg.

42. Lag lerretsbukser til dei! Dei skal løyna den nakne kroppen deira frå hoftene og ned på låra.

43. Dei skal Aron og sønene hans ha på seg når dei går inn i møteteltet eller stig fram til altaret og skal gjera teneste i heilagdomen. Elles fører dei skuld over seg og må døy. Det skal vera ei evig lov for han og etterkomarane hans.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 28