Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 28:22-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Til brystduken skal du laga kjeder av reint gull. Dei skal vera tvinna som ein tvinnar snorer.

23. Like eins skal du laga to gullringar til brystduken. Dei skal du setja i kvar sitt hjørne på han.

24. Dei to gullsnorene skal du festa i dei to ringane på hjørna av brystduken.

25. Dei andre to endane av gullsnorene skal du festa i dei to flettverka, og dei skal du setja på akslebanda åt efoden, på framsida.

26. Så skal du laga to gullringar til. Dei skal du setja i dei andre to hjørna av brystduken, på den sida som vender inn mot efoden.

27. Endå to gullringar skal du laga. Dei skal du setja nedst på framsida av dei to akslebanda åt efoden, der dei er feste til efoden, ovanfor beltet.

28. Ringane på brystduken skal bindast til ringane på efoden med ei snor av fiolett ull, så duken kjem til å sitja over beltet og ikkje vert skild frå efoden.

29. Når Aron går inn i heilagdomen, skal han bera namna åt Israels-sønene innmed hjarta sitt på brystduken til domsavgjerder. Såleis skal han alltid minna om dei for Herrens åsyn.

30. I brystduken skal du leggja urim og tummim. Dei skal liggja innmed hjarta åt Aron når han stig fram for Herren. Aron skal alltid bera domsavgjerda for Israels-sønene innmed hjarta sitt for Herrens åsyn.

31. Kappa, som høyrer efoden til, skal du laga heilt igjennom av fiolett ull.

32. Midt på henne skal det vera ei halsopning med ei voven bord ikring, liksom rundt opninga i ei brynje, så ho ikkje skal rivna.

33. Nedst kring kappefalden skal du setja granateple av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, og mellom dei gullbjøller heilt ikring.

34. Fyrst skal det vera ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, og sameleis nedst rundt heile kappefalden.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 28