Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 26:4-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. I kanten av den duken som er ytst på det eine ihopskøytte stykket, skal du laga hemper av fiolett ull, og like eins i kanten av den ytste duken på det andre stykket.

5. Femti hemper skal du laga på den eine duken, og femti hemper i kanten av den som høyrer til det andre stykket. Hempene skal sitja midt for kvarandre.

6. Og du skal laga femti gullkrokar. Med dei skal du hekta dukane saman, så det vert éin teltheilagdom av dei.

7. Du skal veva dukar av geiteragg til tak over teltet. Elleve slike dukar skal du veva.

8. Kvar duk skal vera tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane skal halda same målet.

9. Fem av dukane skal du skøyta i hop for seg, og seks for seg. Den sjette duken, som kjem til å liggja over framsida på teltet, skal du leggja dobbelt.

10. I kanten av den duken som er ytst på det eine ihopskøytte stykket, skal du laga femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.

11. Og du skal laga femti krokar av bronse og hekta dei i hempene. Såleis skal du festa dei to stykka til kvarandre, så det vert eitt telttak av dei.

12. Den delen som går av på teltdukane, den halve duken som vert att, skal hanga ned på baksida av heilagdomen.

13. Og den eine alna som teltdukane er for lange på kvar ende, skal hengjast ned etter begge sideveggene til livd for heilagdomen.

14. Over telttaket skal du laga eit dekke av raudleta verskinn, og ovanpå det eit dekke av delfinskinn.

15. Plankane til heilagdomen skal du laga av akasietre. Dei skal reisast på ende.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 26