Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 26:14-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Over telttaket skal du laga eit dekke av raudleta verskinn, og ovanpå det eit dekke av delfinskinn.

15. Plankane til heilagdomen skal du laga av akasietre. Dei skal reisast på ende.

16. Kvar planke skal vera ti alner lang og halvanna alen brei.

17. På kvar planke skal det vera to tappar med ei tverrlist imellom. Såleis skal du laga alle plankane i heilagdomen.

18. Tjue av dei plankane du lagar, skal stå på den sida som vender mot sør.

19. Til dei tjue plankane skal du laga førti fotstykke av sølv, to fotstykke under kvar planke, så dei to tappane kan festast i dei.

20. På den andre sida av heilagdomen, på nordsida, skal det òg vera tjue plankar

21. med førti fotstykke av sølv, to under kvar planke.

22. Til baksida av heilagdomen, mot vest, skal du laga seks plankar.

23. Og til kvart hjørne på same sida skal du laga to plankar.

24. Dei skal vera doble nedst, og like eins øvst, ned til den fyrste ringen. Så skal dei vera, dei to plankane som skal stå i kvart av dei to hjørna.

25. Såleis vert det åtte plankar og seksten fotstykke av sølv, to til kvar planke.

26. Du skal laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av heilagdomen,

27. fem til plankane på den andre sida og fem til plankane på baksida av heilagdomen, mot vest.

28. Midtstonga, den som er midt på plankeveggen, skal gå tvert over, frå ende til ende.

29. Plankane skal du kle med gull, og ringane på dei, som tverrstengene skal smøyast inn i, skal du laga av gull. Tverrstengene skal du òg kle med gull.

30. Så skal du reisa heilagdomen på rett måte, så som det vart synt deg på fjellet.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 26