Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 24:5-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Sidan sende han ut nokre unge israelittar. Dei bar fram brennoffer og slakta oksar til måltidsoffer for Herren.

6. Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skålene; den andre halvparten skvette han på altaret.

7. Så tok han paktboka og las opp for folket, og dei sa: «Vi vil vera lydige og gjera alt det Herren har sagt.»

8. Då tok Moses blodet, skvette det på folket og sa: «Sjå, dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk, og som er grunna på alle desse orda.»

9. Så gjekk dei opp på fjellet, Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel.

10. Og dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safirheller, klåre som himmelen sjølv.

11. Men han lyfte ikkje handa mot Israels gjævaste menn. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 24