Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 24:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Men han lyfte ikkje handa mot Israels gjævaste menn. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.

12. Sidan sa Herren til Moses: «Kom opp på fjellet til meg og ver her ei stund, så skal eg gje deg steintavlene med lova og boda, som eg har skrive opp til rettleiing for folket!»

13. Då gjekk Moses i veg med Josva, tenaren sin. Og Moses steig opp på Guds-fjellet.

14. Han sa til dei eldste: «Ver her og venta på oss til vi kjem att! Her er Aron og Hur; dei skal vera hjå dykk. Er det nokon som har ei sak, kan han gå til dei.»

15. Så steig Moses opp på fjellet. Då la skya seg tett ikring nuten,

16. og Herrens herlegdom kom ned og heldt seg på Sinai-fjellet. Skya gøymde fjellet i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses ut or skya.

17. Herrens herlegdom var å sjå til for israelittane som ein øydande eld på fjelltoppen.

18. Så gjekk Moses inn i skya og steig opp på fjellet, og han var på fjellet i førti dagar og førti netter.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 24