Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 23:26-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Det skal ikkje finnast ei kvinne i landet ditt som føder for tidleg eller ikkje kan få barn. Ditt dagetal skal eg gjera fullt.

27. Redsle for meg skal eg senda føre deg, og støkk skal eg setja i alle dei folka du kjem til; eg skal laga det så at alle fiendane dine rømer for deg.

28. Når eg sender redsle og rådløyse føre deg, skal dei jaga bort hevittane og kanaanearane og hetittane for deg.

29. Eg vil ikkje driva dei ut på eitt år; for då kunne landet øydast og villdyra verta for mange for deg.

30. Litt etter litt vil eg driva dei ut for deg, til du vert så mannsterk at du kan ta landet i eige.

31. Eg skal la landegrensene dine nå frå Sevsjøen til Filistarhavet, frå øydemarka til Eufrat. For dei som bur i landet, vil eg gje i hendene dykkar, og du skal driva dei ut.

32. Du må ikkje gjera pakt med dei og gudane deira.

33. Dei må ikkje verta buande i landet ditt, så dei får lokka deg til å synda mot meg. For dyrkar du gudane deira, vert det til ei snare for deg.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 23