Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 23:17-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren Gud.

18. Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt saman med syrt brød, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje verta liggjande natta over.

19. Det beste av den fyrste grøda på jorda di skal du bera til huset åt Herren din Gud.Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.

20. Sjå, eg sender ein engel framføre deg! Han skal vakta deg på vegen og føra deg til den staden som eg har sett ut.

21. Gjev akt på han og høyr på det han seier! Set deg ikkje opp mot han! Han vil ikkje tola brota dykkar; for namnet mitt er i han.

22. Men høyrer du på det han seier, og gjer alt det eg byd deg, då skal eg vera ein fiende av dine fiendar og ein motstandar av dine motstandarar.

23. For engelen min skal gå føre deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil rydja dei ut.

24. Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei. Men du skal riva ned avgudsbileta og slå sund steinstøttene deira.

25. De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet du et og vatnet du drikk, og sjukdom vil eg halda borte frå deg.

26. Det skal ikkje finnast ei kvinne i landet ditt som føder for tidleg eller ikkje kan få barn. Ditt dagetal skal eg gjera fullt.

27. Redsle for meg skal eg senda føre deg, og støkk skal eg setja i alle dei folka du kjem til; eg skal laga det så at alle fiendane dine rømer for deg.

28. Når eg sender redsle og rådløyse føre deg, skal dei jaga bort hevittane og kanaanearane og hetittane for deg.

29. Eg vil ikkje driva dei ut på eitt år; for då kunne landet øydast og villdyra verta for mange for deg.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 23