Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 23:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Seks år skal du så til jorda di og hausta det ho ber.

11. Men det sjuande året skal du la henne liggja og kvila, så dei fattige i folket ditt kan finna noko å leva av. Og det som vert att, kan villdyra eta. Det same skal du gjera med vingarden din og oliventrea dine.

12. Seks dagar skal du gjera arbeidet ditt. Men den sjuande dagen skal du kvila, så oksen din og eselet ditt kan ha ro og trælkvinnesonen og innflyttaren får kvila ut.

13. Alt det eg har sagt dykk, skal de halda dykk etter. Namnet åt andre gudar må de ikkje nemna. Du må ikkje ta det på tunga.

14. Tre gonger om året skal du halda høgtid for meg.

15. Fyrst er det usyrdebrødshelga. I sju dagar skal du eta usyrt brød, så som eg har sagt deg, på den tid eg har fastsett, i abib månad. For då tok du ut frå Egypt. Ingen må visa seg tomhendt for mitt åsyn.

16. Så er det skurdhelga, når du haustar inn den fyrste grøda av det du sådde på åkeren, og hausthelga, når året er ute, og du samlar i hus det du har avla på marka.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 23