Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 23:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Du skal ikkje setja ut falske rykte. Gjer ikkje sams sak med ein gudlaus, så du sjølv vert eit urettferdig vitne!

2. Fylg ikkje mengda i det som er vondt! Når du vitnar i ei sak, gjev då ikkje etter for det mengda vil, så du rengjer retten!

3. Om det så gjeld småkårsfolk, skal du ikkje pynta på saka deira.

4. Når du finn ein okse eller eit esel som høyrer fienden din til, og som har vildra seg bort, skal du få dei attende til han.

5. Når du ser at eselet åt uvenen din sig under kløva, må du ikkje tenkja på å gå frå han; du skal hjelpa han med å løysa kløva.

6. Reng ikkje retten for fattigfolk på tinget!

7. Hald deg borte frå ei rang sak, så du ikkje lèt ein rettferdig og skuldlaus mann missa livet! For eg vil ikkje frikjenna den som gjer vondt.

8. Ta ikkje muter! For muter gjer klårsynt mann blind og skader saka for dei som har rett.

9. Du skal ikkje fara hardt fram mot ein innflyttar! For de veit korleis det kjennest å vera innflyttar; de var sjølve innflyttarar i Egypt.

10. Seks år skal du så til jorda di og hausta det ho ber.

11. Men det sjuande året skal du la henne liggja og kvila, så dei fattige i folket ditt kan finna noko å leva av. Og det som vert att, kan villdyra eta. Det same skal du gjera med vingarden din og oliventrea dine.

12. Seks dagar skal du gjera arbeidet ditt. Men den sjuande dagen skal du kvila, så oksen din og eselet ditt kan ha ro og trælkvinnesonen og innflyttaren får kvila ut.

13. Alt det eg har sagt dykk, skal de halda dykk etter. Namnet åt andre gudar må de ikkje nemna. Du må ikkje ta det på tunga.

14. Tre gonger om året skal du halda høgtid for meg.

15. Fyrst er det usyrdebrødshelga. I sju dagar skal du eta usyrt brød, så som eg har sagt deg, på den tid eg har fastsett, i abib månad. For då tok du ut frå Egypt. Ingen må visa seg tomhendt for mitt åsyn.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 23