Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 22:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Kvar gong det gjeld ei tjuvesak, anten det er ein okse, eit esel, ein sau eller klede eller eitkvart anna som er bortkome, og éin seier: «Han er det», då skal saka mellom dei to koma fram for Gud. Og den som Gud dømer skuldig, skal gje den andre dobbelt vederlag.

10. Når ein mann set bort eit esel, ein okse eller ein sau, eller noko anna dyr, til nesten sin, og det døyr eller kjem til skade eller vert røva, utan at nokon ser det,

11. då skal den andre sverja ved Herren at han ikkje har rett ut handa etter det som nesten hans åtte, og det skal avgjera saka mellom dei to. Den eiden skal eigaren ta for god, og mannen skal ikkje gje vederlag.

12. Men er dyret stole, skal han gje eigaren vederlag.

13. Er det ihelrive, skal han syna det fram til prov. Han skal ikkje gje vederlag for det som er ihelrive.

14. Når ein mann låner eit dyr av ein annan, og det kjem til skade eller døyr utan at eigaren er til stades, skal han gje fullt vederlag.

15. Men er eigaren til stades, skal han ikkje gje vederlag. Var dyret leigt, skal han likevel ha leiga.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 22