Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 22:2-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Vert ein tjuv teken og slegen i hel medan han bryt seg inn, skal det ikkje reknast for drap.

3. Men går det føre seg etter at sola har runne, er det drap. Ein tjuv skal gje full bot. Eig han ingenting, skal han seljast til vederlag for det han har stole.

4. Vert det stolne dyret funne hjå han, og det enno er levande, skal han bøta dobbelt, anten det er ein okse, eit esel eller ein sau.

5. Når ein mann lèt feet sitt beita på ein åker eller i ein vingard, og han slepper det laus så det kjem til å beita på annan manns åker, då skal han til vederlag gje det beste som veks på åkeren og i vingarden hans.

6. Når det kjem opp lauseld, og det fatar i ein klunger, og korn i stakk eller på rot eller heile åkeren brenn opp, då skal den som var skuld i brannen, gje vederlag.

7. Når ein mann lèt ein annan ta vare på pengar eller eigneluter for seg, og det vert stole frå huset det ligg i, då skal tjuven, så sant han vert funnen, gje dobbelt vederlag.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 22