Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 22:16-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Når ein mann forfører ei ung jente som ikkje er trulova, og ligg med henne, då skal han betala brureprisen og ta henne til kone.

17. Men vil ikkje faren la han få henne, skal han betala så mange pengar at det svarar til brureprisen for ei ung jente.

18. Ei trollkvinne skal du ikkje la leva.

19. Kvar den som har omgang med fe, skal bøta med livet.

20. Den som ofrar til andre gudar og ikkje til Herren åleine, skal bannlysast.

21. Du skal ikkje plaga ein innflyttar eller fara hardt fram mot han; for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.

22. De må aldri vera harde mot enkjer og farlause.

23. Er du hard mot dei, og dei ropar til meg, vil eg høyra ropa deira.

24. Då skal vreiden min loga opp, og eg skal slå dykk i hel med sverd, så konene dykkar vert enkjer og borna dykkar farlause.

25. Låner du pengar til ein landsmann, til ein fattig granne, då skal du ikkje vera som ein pengeutlånar mot han. Du skal ikkje krevja rente av han.

26. Tek du kappa åt landsmannen din i pant, skal du la han få henne att før sola glader.

27. For den er det einaste han har til å dekkja seg med; den skal han ha kring kroppen. Kva skal han elles liggja i? Når han ropar til meg, vil eg høyra; for eg er miskunnsam.

28. Gud skal du ikkje spotta, og ein hovding i folket ditt skal du ikkje forbanna.

29. Det som fyller løa di, og det som dryp frå vinpressa di, må du ikkje halda att. Den fyrstefødde sonen din skal du gje meg.

30. Det same skal du gjera med storfeet og småfeet ditt. Sju dagar skal det vera hjå mora. Den åttande dagen skal du la meg få det.

31. Heilage menneske skal de vera for meg. De skal ikkje eta kjøt av dyr som er ihelrivne på marka, men kasta det til hundane.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 22