Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 18:4-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Den andre heitte Elieser; for han hadde sagt: «Gud åt far min kom meg til hjelp og berga meg frå sverdet åt farao.»

5. Og no kom dei, både Jetro, verfar til Moses, og sønene og kona hans, til Moses i øydemarka, der han hadde leiren sin innmed Guds-fjellet.

6. Han sende bod til Moses og sa: «Eg, Jetro, verfar din, kjem til deg med kona di og dei to sønene hennar.»

7. Då gjekk Moses til møtes med verfar sin, kasta seg ned for han og kyste han. Etter at dei hadde helsa kvarandre, gjekk dei inn i teltet.

8. Og Moses fortalde verfar sin om alt det Herren hadde gjort med farao og egyptarane for Israel skuld, om all den møda dei hadde hatt på ferda, og korleis Herren hadde berga dei.

9. Då gledde Jetro seg over alt det gode som Herren hadde gjort mot Israel, at han hadde berga dei frå egyptarane.

10. Jetro sa: «Lova vere Herren som berga dykk frå farao og egyptarane, han som fria folket frå egyptarveldet!

11. No veit eg at Herren er større enn alle gudar. Det synte han då egyptarane bar seg hovmodig åt mot Israel.»

12. Så tok Jetro, verfar til Moses, brennoffer og slaktoffer og bar fram for Gud. Og Aron og alle dei eldste i Israel kom og heldt måltid med han for Guds åsyn.

13. Dagen etter sat Moses og skifte rett mellom folket, og dei stod ikring han frå morgon til kveld.

14. Då verfar hans såg alt det han hadde å gjera for folket, sa han: «Kva er det for arbeid du legg på deg for folket? Kvifor sit du åleine og dømer medan alle står oppover deg frå morgon til kveld?»

15. Moses svara verfar sin: «Folket kjem til meg og vil spørja Gud til råds.

16. Når dei har sak med kvarandre, kjem dei til meg, og så dømer eg mann og mann imellom og kunngjer Guds bod og lover for dei.»

17. Då sa verfar hans til han: «Det er ikkje klokt det du gjer.

18. Du trøyttar ut både deg sjølv og folket som er med deg. Dette er for stridt for deg; du kan ikkje gjera det åleine.

19. Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Stig du fram for Gud for folket og legg sakene deira fram for han!

20. Og prenta inn i dei at dei skal halda boda og lovene, og lær dei den vegen dei skal gå og dei gjerningane dei skal gjera!

Les hele kapitlet 2. Mosebok 18