Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 18:16-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Når dei har sak med kvarandre, kjem dei til meg, og så dømer eg mann og mann imellom og kunngjer Guds bod og lover for dei.»

17. Då sa verfar hans til han: «Det er ikkje klokt det du gjer.

18. Du trøyttar ut både deg sjølv og folket som er med deg. Dette er for stridt for deg; du kan ikkje gjera det åleine.

19. Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Stig du fram for Gud for folket og legg sakene deira fram for han!

20. Og prenta inn i dei at dei skal halda boda og lovene, og lær dei den vegen dei skal gå og dei gjerningane dei skal gjera!

21. Vel deg så ut dugande menn av heile folket, menn som har age for Gud, er pålitelege og hatar urett vinning! Set dei til førarar for folket, somme for tusen, somme for hundre, somme for femti og somme for ti!

22. Dei skal skifta rett mellom folket til kvar tid. Kvar stor sak skal dei koma til deg med, men kvar lita sak skal dei avgjera sjølve. Då lettar du børa for deg sjølv, og dei hjelper deg å bera henne.

23. Gjer du det, og vil Gud det så, kan du halda ut, og då kan alt dette folket fara heim i fred.»

24. Moses høyrde på verfar sin og gjorde alt det han sa.

25. Han valde ut dugande menn av heile Israel og sette dei til hovdingar og førarar for folket, somme for tusen, somme for hundre, somme for femti og somme for ti.

26. Og dei skifte rett mellom folket til kvar tid. Kvar vanskeleg sak kom dei til Moses med, og kvar lita sak avgjorde dei sjølve.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 18