Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 17:5-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Herren sa til Moses: «Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå!

6. Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.» Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på.

7. Den staden kalla dei sidan Massa og Meriba. For der tretta israelittane med Moses, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: «Er Herren mellom oss eller ikkje?»

8. Sidan kom amalekittane til Refidim og gav seg i strid med israelittane.

9. Då sa Moses til Josva: «Vel deg ut ein flokk menn, ta i veg og hald slag med amalekittane! I morgon skal eg stå øvst på haugen med gudsstaven i handa.»

10. Josva gjorde som Moses sa, og tok opp striden med amalekittane. Samstundes steig Moses, Aron og Hur opp på toppen av haugen.

11. Då gjekk det så at så lenge Moses heldt handa i veret, hadde israelittane overtaket. Men når han lét handa siga, var amalekittane dei sterkaste.

12. Men så tok Moses til å trøytna i hendene. Då fann dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur stødde hendene hans, ein på kvar side. Så var hendene hans støe heilt til sola gladde.

13. Såleis vann Josva over amalekittane og hæren deira med kvasse sverdet.

14. Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette opp i ei bok, så det ikkje går dykk or minne, og ta det opp att for Josva! For eg vil rydja ut minnet om amalekittane frå jorda.»

15. Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er hærmerket mitt».

Les hele kapitlet 2. Mosebok 17