Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 15:17-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Du førte dei inn og planta deipå fjellet som er din eigedom,på den staden du har gjort ¬til din bustad, Herre,heilagdomen ¬som du har grunnlagtmed dine hender, Herre.

18. Herren er konge evig og alltid.

19. Då hestane åt farao fór ut i sjøen med vogner og menn, lét Herren vatnet fløda i hop over dei. Men israelittane gjekk gjennom sjøen på turre botnen.

20. Så tok profetkvinna Mirjam, syster til Aron, ei tromme i handa, og alle kvinnene fylgde etter henne, slo på tromme og dansa.

21. Mirjam song føre:«Lovsyng Herren,for han er høg og herleg!Hest og krigar ¬støytte han i sjøen.»

22. Så førte Moses Israel bort frå Sevsjøen, og dei kom ut i Sjur-øydemarka. Tre dagar drog dei fram gjennom øydemarka utan å finna vatn.

23. Og dei kom til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor heitte staden Mara.

24. Og folket murra mot Moses og sa: «Kva skal vi drikka?»

25. Då ropa han til Herren, og Herren synte han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart godt.I Mara sette han lov og rett for folket, og der prøvde han dei.

26. Han sa: «Dersom du høyrer på røysta åt Herren din Gud og gjer det som rett er i hans augo, dersom du aktar på boda hans og held alle føresegnene hans, så skal eg spara deg for alle dei sjukdomane som eg la på egyptarane. For eg er Herren, lækjaren din.»

27. Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv kjelder og sytti palmetre. Og dei slo leir der attmed vatnet.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 15