14. Folka høyrde det og skalv,angst tok dei ¬som bur i Filistarland.
15. Då vart Edoms hovdingar ¬forfærde,dei mektige i Moab ¬vart gripne av redsle,alle som bur i Kanaan, ¬miste motet.
16. Angst og redsle kom over dei,ved din veldige arm ¬vart dei mållause som stein,medan folket ditt drog fram, ¬Herre,medan folket som du ¬hadde vunne, drog fram.
17. Du førte dei inn og planta deipå fjellet som er din eigedom,på den staden du har gjort ¬til din bustad, Herre,heilagdomen ¬som du har grunnlagtmed dine hender, Herre.
18. Herren er konge evig og alltid.
19. Då hestane åt farao fór ut i sjøen med vogner og menn, lét Herren vatnet fløda i hop over dei. Men israelittane gjekk gjennom sjøen på turre botnen.
20. Så tok profetkvinna Mirjam, syster til Aron, ei tromme i handa, og alle kvinnene fylgde etter henne, slo på tromme og dansa.
21. Mirjam song føre:«Lovsyng Herren,for han er høg og herleg!Hest og krigar ¬støytte han i sjøen.»
22. Så førte Moses Israel bort frå Sevsjøen, og dei kom ut i Sjur-øydemarka. Tre dagar drog dei fram gjennom øydemarka utan å finna vatn.
23. Og dei kom til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor heitte staden Mara.
24. Og folket murra mot Moses og sa: «Kva skal vi drikka?»
25. Då ropa han til Herren, og Herren synte han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart godt.I Mara sette han lov og rett for folket, og der prøvde han dei.