Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 15:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då song Moses og israelittane denne lovsongen for Herren:Eg vil lovsyngja Herren,for han er høg og herleg;hest og krigar ¬støytte han i sjøen.

2. Herren er mi kraft ¬og min styrke,og han har vorte mi berging.Han er min Gud, ¬han vil eg lova,Gud åt far min, han vil eg prisa.

3. Herren er ein stridsmann,namnet hans er Herren.

4. Vognene og hæren åt faraokasta han i sjøen;i Sevsjøen drukna ¬dei gjævaste kjemper.

5. Vatnet i havdjupet gøymde dei,dei sokk i djupet som stein.

6. Di høgre hand, Herre, ¬er sterk og mektig,di høgre hand ¬knuser fiendar, Herre.

7. I ditt velde slår du ¬dine motstandarar ned;du slepper laus ¬din brennande vreide,og han øyder dei som halm.

8. For din ande ¬tårna vatnet seg opp,bylgjene stod som ein voll,og havsens straumar storkna.

9. Fienden sa:«Eg set etter ¬og når dei att,skifter ut hærfang ¬og stiller min trong ¬på dei.Eg dreg sverdetog rydjar dei ut ¬med mi hand.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 15