Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 13:17-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Då farao hadde gjeve folket lov til å fara, førte Gud dei ikkje den vegen som går til Filistarlandet, endå det var den næraste. For han tenkte dei kunne koma til å angra seg når dei møtte ufred, og fara attende til Egypt.

18. Men han laga det så at dei gjorde ein omveg og gjekk gjennom øydemarka mot Sevsjøen.Så fór israelittane stridsbudde ut or Egypt.

19. Og Moses tok beina av Josef med seg. For Josef hadde teke ein eid av israelittane og sagt: «Når Gud gjestar dykk, skal de føra beina mine med dykk herifrå.»

20. Så tok dei ut frå Sukkot og slo leir i Etam, tett attmed øydemarka.

21. Herren gjekk føre dei, om dagen i ein skystolpe som synte dei vegen, og om natta i ein eldstolpe som lyste for dei. På den måten kunne dei fara både dag og natt.

22. Skystolpen kvarv ikkje frå folket om dagen, og eldstolpen ikkje om natta.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 13