Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 12:39-51 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

39. Av deigen dei hadde med seg frå Egypt, baka dei kaker. Han var ikkje syrt, etter som dei vart jaga ut or Egypt og ikkje torde drya der lenger. Difor hadde dei heller ikkje laga seg niste.

40. Israelittane hadde då butt i Egypt i 430 år.

41. Då dei 430 åra var på dagen lidne, tok alle Herrens hærar ut frå Egypt.

42. Det var ei vakenatt for Herren då han førte dei ut or Egypt. Difor skal alle israelittar vaka for Herren den natta, i ætt etter ætt.

43. Herren sa til Moses og Aron: «Dette er føresegna om påskelammet: Ingen utlending må eta av det.

44. Kvar træl som er kjøpt for pengar, skal du fyrst omskjera; då kan han eta av det.

45. Ingen framand eller leigekar må eta av det.

46. Lammet skal etast i eitt hus. Du må ikkje ta noko av kjøtet ut or huset, og de skal ikkje bryta bein i det.

47. Så skal heile Israels-lyden gjera.

48. Men når ein innflyttar som bur hjå deg, vil halda påske for Herren, skal alle mennene hjå han omskjerast. Då kan han få vera med og halda høgtid. Han er jamgod med dei som er fødde og fostra i landet. Ingen som ikkje er omskoren, skal eta av det.

49. Ei og same lov skal gjelda både for dei som er fødde i landet, og for innflyttarane som bur hjå dykk.»

50. Såleis gjorde alle israelittane. Som Herren hadde sagt til Moses og Aron, så gjorde dei.

51. Den same dagen førte Herren israelittane ut or Egypt, flokk etter flokk.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 12