Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 12:29-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Så hende det midt på natta at Herren slo i hel alt fyrstefødt i Egypt, frå eldste son åt farao, som sat på kongsstolen, til eldste son åt fangen i fengslet, og alle dei fyrstefødde dyra i buskapen.

30. Då fór farao opp om natta, han og alle mennene hans og alle egyptarane. Og det lydde eit fælt skrik i Egypt; for det fanst ikkje eit hus som det ikkje var lik i.

31. Medan det endå var natt, sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Gjer dykk ferdige og far ut or riket mitt, både de og israelittane! Gå av og hald den gudstenesta som de har tala om!

32. Ta med dykk småfeet og storfeet dykkar, som de har sagt, og far bort! Bed så om velsigning for meg òg!»

33. Egyptarane skunda på folket og ville få dei ut or landet i ei bråhast. «Elles døyr vi alle saman,» sa dei.

34. Då tok folket deigen sin, som endå ikkje var syrt, sveipte bakstetroga inn i kappene sine og bar dei på akslene.

35. Og israelittane gjorde som Moses hadde sagt. Dei bad egyptarane om sølv og gull og klede.

36. Og Herren laga det så at egyptarane fekk godvilje for folket og gav dei det dei bad om. På den måten tok dei hærfang av egyptarane.

37. Så tok israelittane ut frå Ramses og fór til Sukkot. Dei var om lag 600 000 mann til fots, forutan kvinner og born.

38. Ein stor hop med allslags folk fylgde, og ei svær drift med småfe og storfe.

39. Av deigen dei hadde med seg frå Egypt, baka dei kaker. Han var ikkje syrt, etter som dei vart jaga ut or Egypt og ikkje torde drya der lenger. Difor hadde dei heller ikkje laga seg niste.

40. Israelittane hadde då butt i Egypt i 430 år.

41. Då dei 430 åra var på dagen lidne, tok alle Herrens hærar ut frå Egypt.

42. Det var ei vakenatt for Herren då han førte dei ut or Egypt. Difor skal alle israelittar vaka for Herren den natta, i ætt etter ætt.

43. Herren sa til Moses og Aron: «Dette er føresegna om påskelammet: Ingen utlending må eta av det.

44. Kvar træl som er kjøpt for pengar, skal du fyrst omskjera; då kan han eta av det.

45. Ingen framand eller leigekar må eta av det.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 12