Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 12:12-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren.

13. Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt.

14. Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. Då skal de halda helg og høgtid for Herren. Ei evig lov skal det vera for dykk å halda den dagen heilag i ætt etter ætt.

15. Sju dagar skal de eta usyrt brød. Alt den fyrste dagen skal de få surdeigen ut or husa dykkar. Kvar den som et syrt brød mellom den fyrste og den sjuande dagen, skal rydjast ut or Israel.

16. Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagane må de ikkje gjera noko arbeid. Berre den maten som kvar av dykk treng, skal de laga til.

17. De skal halda usyrdebrødshelga; for då førte eg hærane dykkar ut or Egypt. Difor skal de høgtida denne dagen i ætt etter ætt. Det skal vera ei evig lov.

18. Frå kvelden den fjortande dagen i den fyrste månaden til kvelden den tjuefyrste dagen i same månaden skal de eta usyrt brød.

19. I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et syrt brød, skal rydjast ut or Israels-lyden, anten han er innflyttar eller fødd og fostra i landet.

20. De må ikkje smaka noko som er syrt. I alle heimar skal de eta usyrt brød.

21. Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og henta småfe til huslydane dykkar og slakta påskelammet!

22. Så skal de ta ein isopkvast, duppa han i blodet som er i skåla, og stryka noko av blodet på dørbjelken og dørstolpane. Og ingen av dykk må gå ut gjennom husdøra si før om morgonen.

23. For Herren vil fara gjennom landet og slå egyptarane med ulukke. Og når han ser blodet på dørbjelken og dørstolpane, skal han fara framom døra og ikkje la tynaren sleppa inn i husa dykkar og drepa.

24. Dette skal de halda dykk etter. Det skal vera ei lov for deg og etterkomarane dine til evig tid.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 12