Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 12:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses og Aron medan dei var i Egypt, og sa:

2. Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar. De skal halda han for den fyrste månaden i året.

3. Sei til heile Israels-lyden: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta seg ut eit lam, eitt til kvar huslyd!

4. Men er ein huslyd for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og næraste grannen ta eitt i lag, etter som dei har folk til. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle vert mette.

5. Det må vera eit årsgamalt, lytelaust verlam. I staden for eit lam kan de òg ta eit kje.

6. De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels-lyden slakta det straks sola er gladd.

7. Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det.

8. Og kjøtet skal dei eta same natta; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt.

9. De må ikkje eta det rått og ikkje koka det i vatn, men steikja det over elden, med hovud, føter og innmat.

10. Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons. Det som er att om morgonen, skal de brenna.

11. Når de et det, skal de ha belte om livet, skor på føtene og stav i handa; og de skal eta det i hast. Det er påskehelg for Herren.

12. For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren.

13. Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 12