Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 10:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren sa til Moses: «Gå til farao! Det er eg som har forherda han og mennene hans, så eg kan gjera desse teikna mellom dei.

2. Så kan du fortelja son din og soneson din kva eg har gjort mot egyptarane, og kva teikn eg har gjort hjå dei, og de skal skjøna at eg er Herren.»

3. Moses og Aron gjekk til farao og sa til han: «Så seier Herren, Hebrearguden: Kor lenge skal det vara før du bøyer deg for meg? Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg!

4. For nektar du å la folket mitt fara, skal eg i morgon senda grashopper inn over landet ditt.

5. Dei skal breia seg ut over heile landet, så tett at ein ikkje kan sjå marka, og eta opp kvart grann de har att etter haglet. Kvart tre som veks på markene dykkar, skal dei snøya.

6. Dei skal fylla husa for deg og tenarane dine og alle egyptarane. Korkje fedrane eller forfedrane dine har sett noko slikt frå den tid dei slo seg ned i landet, og til denne dag.» Dermed snudde han og gjekk bort frå farao.

7. Då sa tenarane åt farao til han: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snare for oss? Lat mennene fara, så dei kan tena Herren sin Gud! Skjønar du enno ikkje at Egypt vert øydelagt?»

8. Så henta dei Moses og Aron attende til farao, og han sa til dei: «Gå av stad og ten Herren dykkar Gud! Men kven av dykk skal fara?»

9. Moses svara: «Vi må fara alle, både unge og gamle. Sønene og døtrene våre vil vi ha med oss, og småfeet og storfeet. For vi skal halda høgtid for Herren.»

10. Då sa han til dei: «Herren miskunne dykk, om eg lèt dykk og småborna dykkar fara! Sjå, de har vondt i tankar!

11. Nei, det skal ikkje henda! De mennene kan fara og tena Herren! For det var det de bad om.» Dermed jaga dei dei bort frå farao.

12. Då sa Herren til Moses: «Rett handa di ut over Egypt, så skal grashoppene koma over landet og eta opp all grøda på marka, alt det haglet har spart.»

13. Så rette Moses staven sin ut over Egypt, og Herren sende ein austavind over landet heile den dagen og heile natta. Om morgonen kom austavinden med grashoppene.

14. Dei dreiv inn over heile Egypt i store mengder og slo seg ned overalt i landet. Aldri før hadde det vore ein slik grashoppesverm, og aldri meir skal det koma.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 10