Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 8:7-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Alle som var att av hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje høyrde Israel til,

8. etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde rudt dei ut, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag.

9. Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket.

10. Arbeidsformennene åt kong Salomo var to hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.

11. Salomo lét dotter til farao flytta frå Davids-byen opp til det huset han hadde bygt åt henne. Han sa: «Det må ikkje bu ei kvinne i huset åt David, Israels-kongen. For det er heilagt, sidan Herrens paktkiste er komen dit.»

12. Den gongen bar Salomo fram brennoffer for Herren på det altaret han hadde bygt åt han framfor forhalla.

13. Kvar dag bar han fram dei offera som Moses hadde påbode, på sabbatane og nymånedagane og på dei tre høgtidene i året: i usyrdebrødshelga, sjuvekehelga og lauvhyttehelga.

14. Etter den føresegn som David, far hans, hadde gjeve, sette han prestane til å gjera teneste i skift, levittane til å ta seg av si oppgåve, å styra lovsongen og hjelpa prestane etter som det trongst for kvar dag, og dørvaktarane til å stå ved portane kvar sin gong. For så hadde David, gudsmannen, skipa det.

15. Dei veik ikkje av frå det som kongen hadde bode om prestane og levittane; så var det òg når det galdt skattkammera.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 8