Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 8:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja Herrens hus og sitt eige hus,

2. bygde han opp att dei byane som Hiram hadde gjeve han, og lét israelittane busetja seg der.

3. Så drog han til Hamat-Soba og tok byen.

4. Han bygde opp Tadmor i øydemarka og alle byane med lagerhus som han grunnla i Hamat.

5. Like eins bygde han opp Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon og gjorde dei til festningsbyar med murar, portar og bommar.

6. Elles bygde Salomo Ba’alat og alle byane der han hadde lagerhus, og alle dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over.

7. Alle som var att av hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje høyrde Israel til,

8. etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde rudt dei ut, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag.

9. Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket.

10. Arbeidsformennene åt kong Salomo var to hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 8