Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 7:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. No skal eg ikkje lata att augo, men lyda til kvar bøn som stig opp frå denne staden.

16. Eg har valt ut dette huset og helga det, så namnet mitt skal bu der til evig tid. Augo mine og hjarta mitt skal alltid vera vende mot det.

17. Ferdast du no for mitt åsyn, som David, far din, gjorde, gjer du alt det eg har sagt deg, og held du føresegnene og boda mine,

18. så skal eg tryggja kongsstolen din, etter den pakta eg gjorde med David, far din, då eg sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å råda over Israel.»

19. Men vender de dykk bort og vanvørder dei føresegner og bod som eg har lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og kasta dykk ned for dei,

20. då vil eg rykkja dykk opp or det landet eg har gjeve dykk. Og dette huset som eg har helga for namnet mitt, vil eg føykja bort frå mitt åsyn og gjera det til eit ordtak og eit spottord mellom alle folk.

21. Alle som fer framom dette huset, som var så ruvande, skal verta forfærde. Og når nokon spør kvifor Herren har fare så med dette landet og dette huset,

22. skal folk svara: «Fordi dei vende seg frå Herren, sine fedrars Gud, han som førte dei ut or Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka, difor har han ført all denne ulukka over dei.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 7