Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 7:11-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. No hadde Salomo fullført både Herrens hus og kongsgarden. Og alt det han hadde sett seg føre å gjera i Herrens hus og i sitt eige hus, hadde han ført vel til ende.

12. Då synte Herren seg for han om natta og sa til han: Eg har høyrt bøna di og valt meg ut denne staden til offerstad.

13. Det kan nok henda at eg stengjer himmelen, så det ikkje kjem regn, eller byd grashopper snøya landet eller sender pest mellom folket mitt.

14. Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, gjer seg lite og mjukt og bed, søkjer meg og vender om frå si vonde ferd, så vil eg høyra det i himmelen, tilgje synda deira og bøta brestene i landet.

15. No skal eg ikkje lata att augo, men lyda til kvar bøn som stig opp frå denne staden.

16. Eg har valt ut dette huset og helga det, så namnet mitt skal bu der til evig tid. Augo mine og hjarta mitt skal alltid vera vende mot det.

17. Ferdast du no for mitt åsyn, som David, far din, gjorde, gjer du alt det eg har sagt deg, og held du føresegnene og boda mine,

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 7