Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 7:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Salomo hadde enda bøna si, fór det eld ned frå himmelen og øydde brennofferet og slaktoffera, og Herrens herlegdom fylte huset.

2. Prestane kunne ikkje gå inn i Herrens hus fordi det var fylt av Herrens herlegdom.

3. Då alle israelittane såg at elden fór ned, og at Herrens herlegdom kom over huset, kasta dei seg ned med andletet mot steingolvet og tilbad og lova Herren, fordi han er god og hans miskunn varer til evig tid.

4. Så ofra kongen og alt folket slaktoffer til Herren.

5. Det offeret som Salomo då bar fram, var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Såleis var det kongen og alt folket vigsla Guds hus.

6. Imedan stod prestane på postane sine, og levittane spela på dei instrumenta som kong David hadde fått laga til å prisa Herren med: «For hans miskunn varer til evig tid.» For David hadde sett dei til å føra fram lovsongen. Og prestane stod midt imot dei og bles i trompetar, medan heile Israel stod ikring.

7. Så vigsla Salomo midtdelen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennoffera og feittstykka av måltidsofferet. For bronsealtaret som Salomo hadde laga, kunne ikkje røma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka.

8. I sju dagar heldt Salomo høgtid den gongen, og heile Israel med han. Det var ein stor festlyd som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken.

9. Den åttande dagen heldt dei ei høgtidssamling. Altarvigsla hadde dei høgtida i sju dagar og lauvhyttehelga i sju dagar.

10. Den tjuetredje dagen i den sjuande månaden lét han folket fara heim att, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David og Salomo og mot Israel, folket sitt.

11. No hadde Salomo fullført både Herrens hus og kongsgarden. Og alt det han hadde sett seg føre å gjera i Herrens hus og i sitt eige hus, hadde han ført vel til ende.

12. Då synte Herren seg for han om natta og sa til han: Eg har høyrt bøna di og valt meg ut denne staden til offerstad.

13. Det kan nok henda at eg stengjer himmelen, så det ikkje kjem regn, eller byd grashopper snøya landet eller sender pest mellom folket mitt.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 7