Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 6:9-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men du skal ikkje byggja huset; son din, som er av ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.»

10. No har Herren oppfylt det ordet han tala. Eg har fylgt etter David, far min, og sett meg på Israels kongsstol, som Herren har sagt, og eg har bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.

11. Der har eg sett den kista som gøymer vitnemålet om den pakta Herren gjorde med israelittane.

12. Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden og breidde ut hendene.

13. Han hadde laga ein bronsetram, som var fem alner lang, fem alner brei og tre alner høg, og sett han midt i tempelgarden. På den stod han no. Så la han seg på kne framfor heile Israels-lyden, breidde ut hendene mot himmelen

14. og sa:Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje i himmelen eller på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn vara ved, når dei av heile sitt hjarta ferdast for ditt åsyn.

15. Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag.

16. Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg etter mi lov, liksom du har gjort.»

17. Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, tenaren din!

18. Men er det så at Gud bur hjå menneska på jorda? Sjå, himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt!

19. Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg!

20. Vak over dette huset dag og natt, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden.

21. Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!

22. Når ein mann skader nesten sin, og det vert kravt at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset,

23. då må du høyra det i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til deira rett. Gjev den skuldige lika for det han har gjort, og lat åtferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige, og lat han få løn for si rettferd!

24. Når Israel, folket ditt, taper i striden mot fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om og vedkjennest namnet ditt, bed til deg og tiggar om nåde i dette huset,

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 6