Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 6:33-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. så må du høyra dei i himmelen, der du bur, og gjera alt det dei ropar til deg om. Då skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skjøna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygt.

34. Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til deg, vende mot denne byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt,

35. då må du i himmelen høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett.

36. Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei bort til eit anna land, anten det er langt borte eller tett ved.

37. Men så går dei i seg sjølve i det landet dei vart bortførte til, og vender om og bed deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda og bore oss ille åt; gudlause har vi vore.»

38. Vender dei då om til deg av heile sitt hjarta og heile sin hug i det landet der dei er fangar, hjå dei som førte dei bort, og bed til deg, vende mot det landet du gav fedrane deira, mot den byen du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt,

39. då må du i himmelen, der du bur, høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett. Tilgjev folket ditt at dei har synda mot deg!

40. Så lat då, min Gud, augo dine vera opne og øyro dine vende til den bøna som stig opp frå denne staden.

41. Reis deg no, Herre Gud,og kom til den stadder du slår deg til ro,du og ditt veldes kiste.Prestane dine, Herre Gud,skal vera kledde i frelse,og dei som held di pakt,skal gleda seg ¬over dine gode gåver.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 6