Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 6:3-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan dei alle stod.

4. Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som har gjort det han lova David, far min, då han sa:

5. «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israels-ættene så det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Heller ikkje har eg valt ut nokon mann til å vere fyrste over Israel, folket mitt.

6. Men eg valde Jerusalem til bustad for namnet mitt, og eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»

7. Og David, far min, tenkte å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.

8. Men Herren sa til David, far min: «Når du har tenkt å byggja eit hus for namnet mitt, så har du gjort vel i det.

9. Men du skal ikkje byggja huset; son din, som er av ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.»

10. No har Herren oppfylt det ordet han tala. Eg har fylgt etter David, far min, og sett meg på Israels kongsstol, som Herren har sagt, og eg har bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.

11. Der har eg sett den kista som gøymer vitnemålet om den pakta Herren gjorde med israelittane.

12. Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden og breidde ut hendene.

13. Han hadde laga ein bronsetram, som var fem alner lang, fem alner brei og tre alner høg, og sett han midt i tempelgarden. På den stod han no. Så la han seg på kne framfor heile Israels-lyden, breidde ut hendene mot himmelen

14. og sa:Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje i himmelen eller på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn vara ved, når dei av heile sitt hjarta ferdast for ditt åsyn.

15. Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag.

16. Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg etter mi lov, liksom du har gjort.»

17. Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, tenaren din!

18. Men er det så at Gud bur hjå menneska på jorda? Sjå, himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt!

19. Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg!

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 6