Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 6:21-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!

22. Når ein mann skader nesten sin, og det vert kravt at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset,

23. då må du høyra det i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til deira rett. Gjev den skuldige lika for det han har gjort, og lat åtferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige, og lat han få løn for si rettferd!

24. Når Israel, folket ditt, taper i striden mot fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om og vedkjennest namnet ditt, bed til deg og tiggar om nåde i dette huset,

25. då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira og føra dei heim att til det landet du gav dei og fedrane deira.

26. Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei,

27. då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige.

28. Når det vert uår og naud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fiendar kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket,

29. og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner, fordi dei, kvar og ein, kjenner seg tyngde av naud og sorg, og breier ut hendene sine mot dette huset,

30. då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta.

31. Så skal dei ottast deg og ferdast på dine vegar så lenge dei lever i det landet du gav fedrane våre.

32. Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte fordi dei har høyrt om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, vende mot dette huset,

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 6