Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 6:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då sa Salomo:Herren har sagtat han vil bu i skoddemørkret.

2. No har eg bygt deg ein bustad,ein stad der du kan bu ¬til evig tid.

3. Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan dei alle stod.

4. Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som har gjort det han lova David, far min, då han sa:

5. «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israels-ættene så det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Heller ikkje har eg valt ut nokon mann til å vere fyrste over Israel, folket mitt.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 6