Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 36:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

10. Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar ut folk som førte han til Babylon, og saman med han dei dyre kara i Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, farbror hans, til konge i Juda og Jerusalem.

11. Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år.

12. Han gjorde det som var Herren hans Gud imot. Og han audmykte seg ikkje for profeten Jeremia, som tala ord frå Herrens munn.

13. Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stridlyndt og hard i hugen og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud.

14. Alle leiarane i Juda og prestane og folket vart òg meir og meir trulause og gjorde dei same stygge tinga som andre folkeslag. Og dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem.

15. Herren, deira fedrars Gud, åtvara dei både seint og tidleg gjennom utsendingane sine; for han hadde medkjensle med folket sitt og bustaden sin.

16. Men dei spotta Guds utsendingar, vanvørde orda hans og heldt profetane hans for narr, til Herrens harme mot folket hans vart så stor at det ikkje fanst botevon meir.

17. Så lét Herren kaldearkongen fara i hærferd mot folket i Juda. Han drap dei unge mennene deira med sverd midt i det heilage huset deira og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Herren gav dei alle i hans hender.

18. Alle dei kar som fanst i Guds hus, både store og små, og skattane, både dei som var i Herrens hus, og dei som kongen og stormennene hans åtte – alt tok han med seg til Babylon.

19. Så brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei eld på, og alle dei dyre eignelutene som fanst der, vart øydelagde.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 36