Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 36:3-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Men kongen i Egypt sette han av, så han ikkje fekk råda i Jerusalem lenger, og la skatt på landet, hundre talentar sølv og ein talent gull.

4. Så gjorde Neko, kongen i Egypt, Eljakim, bror hans, til konge over Juda og Jerusalem og endra namnet hans til Jojakim. Joakas, bror hans, tok Neko med seg til Egypt.

5. Jojakim var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som var Herren hans Gud imot.

6. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, gjorde ei hærferd mot han og batt han med bronselekkjer og ville føra han til Babylonia.

7. Nebukadnesar tok òg med seg ein del av kara i Herrens hus og sette dei i templet sitt i Babylon.

8. Det som elles er å seia om Jojakim, om alt det stygge han gjorde, og det som hende han, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.

9. Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

10. Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar ut folk som førte han til Babylon, og saman med han dei dyre kara i Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, farbror hans, til konge i Juda og Jerusalem.

11. Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år.

12. Han gjorde det som var Herren hans Gud imot. Og han audmykte seg ikkje for profeten Jeremia, som tala ord frå Herrens munn.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 36