Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 36:20-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Dei som slapp unna sverdet, førte han bort til Babylonia. Der laut dei vera trælar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta.

21. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsåra sine, så lenge det låg audt, til sytti år var lidne.

22. I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg, denne bodskapen:

23. «Så seier Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, har gjeve meg alle kongerike på jorda. Han har sett meg til å byggja eit tempel for han i Jerusalem i Judea. Gud vere med kvar ein av dykk som høyrer folket hans til! De kan få fara heim.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 36