Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 35:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Så skal de slakta påskelammet, helga dykk og stella alt til for brørne dykkar. Gjer det så som Herren har sagt gjennom Moses.»

7. Josjia gav lekfolket småfe – tretti tusen lam og kje – alt saman til påskeoffer for alle som var til stades, og like eins tre tusen oksar. Alt dette gav kongen av det han sjølv åtte.

8. Og stormennene hans kom med friviljuge gåver til folket og prestane og levittane. Hilkia, Sakarja og Jehiel, som hadde det øvste tilsynet med Guds hus, gav prestane to tusen seks hundre påskelam og tre hundre oksar.

9. Og Konanja og Sjemaja og Netanel, brørne hans, og Hasjabja, Je’iel og Josabad, dei fremste mellom levittane, gav levittane fem tusen påskelam og fem hundre oksar.

10. Då det såleis var gjort i stand til gudstenesta, stelte prestane seg opp der dei skulle stå, og like eins levittane, skift for skift, som kongen hadde sagt føre.

11. Påskelamma vart slakta, og prestane skvette noko av blodet på altaret, medan levittane flådde dyra.

12. Det som skulle brukast til brennoffer, la dei til sides og gav det til ættgreinflokkane av lekfolket, så dei kunne bera det fram for Herren, så som føreskrive er i Moseboka. Sameleis gjorde dei med oksane.

13. Påskelammet steikte dei over elden, som føreskrive var, og det kjøtet som var gjeve i heilag gåve, koka dei i gryter, kjelar og panner. Så skunda dei seg og bar det ut til alt lekfolket.

14. Sidan laga dei til åt seg sjølve og åt prestane. For prestane, Arons-sønene, heldt på med å bera fram feittstykka av brennofferet til langt på natt. Difor laga levittane til åt seg sjølve og åt prestane, Arons-sønene.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 35