Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 35:19-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Det var fyrst i det attande styringsåret åt Josjia at ei slik påskehelg vart halden.

20. Ei tid etter at alt dette hadde hendt, og Josjia hadde sett templet i stand, gjorde Neko, kongen i Egypt, ei hærferd til Karkemisj ved Eufrat. Og Josjia drog ut imot han.

21. Då sende Neko bod til han og sa: «Kva har eg med deg å gjera, du Juda-konge? Det er ikkje deg eg dreg ut imot i dag, men det kongehuset som eg støtt ligg i strid med; og Gud har sagt at eg skal skunda meg. Set deg ikkje opp mot Gud, som er med meg. Elles kjem han til å tyna deg.»

22. Men Josjia drog seg ikkje attende. Han ville strida mot han og gjera seg fri. Difor høyrde han ikkje på Nekos ord, som kom frå Guds munn, men gjekk til strid mot han på Megiddo-sletta.

23. Der skaut bogeskyttarane på kong Josjia, og han sa til mennene sine: «Før meg bort! Eg er hardt såra.»

24. Så lyfte mennene han ned frå stridsvogna og sette han over i ei anna vogn som han hadde med seg. Dei køyrde han til Jerusalem, og der døydde han. Han vart gravlagd der fedrane hans låg, og heile Juda og Jerusalem syrgde over Josjia.

25. Jeremia kvad ein klagesong over han. Og alle songarane og songarinnene tala om Josjia i klagesongane sine, og det har dei gjort til denne dag. Det vart fast skikk i Israel å syngja desse songane, og dei finst oppskrivne mellom klagesongane.

26. Det som elles er å seia om Josjia og dei gode gjerningane han gjorde, i samsvar med det som står skrive i Herrens lov,

27. alt som er å seia om han, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 35