Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 35:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Det som skulle brukast til brennoffer, la dei til sides og gav det til ættgreinflokkane av lekfolket, så dei kunne bera det fram for Herren, så som føreskrive er i Moseboka. Sameleis gjorde dei med oksane.

13. Påskelammet steikte dei over elden, som føreskrive var, og det kjøtet som var gjeve i heilag gåve, koka dei i gryter, kjelar og panner. Så skunda dei seg og bar det ut til alt lekfolket.

14. Sidan laga dei til åt seg sjølve og åt prestane. For prestane, Arons-sønene, heldt på med å bera fram feittstykka av brennofferet til langt på natt. Difor laga levittane til åt seg sjølve og åt prestane, Arons-sønene.

15. Songarane, Asaf-sønene, stod på staden sin, så som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren åt kongen, hadde fastsett, og portvaktarane stod ved kvar sin port. Dei trong ikkje gå frå tenesta si; for brørne deira, dei andre levittane, laga til åt dei.

16. Såleis kom heile tenesta for Herren i sitt rette lag den dagen, og dei heldt påskehelg og bar fram brennoffer på Herrens altar, som kong Josjia hadde sagt føre.

17. Dei israelittane som var til stades den gongen, heldt påske og høgtida usyrdebrødshelga i sju dagar.

18. Ei slik påskehelg hadde ikkje vore halden i Israel sidan den tid då profeten Samuel levde. Ingen av Israels kongar hadde halde ei såvoren påskehelg som den Josjia no høgtida saman med prestane og levittane, heile folket i Juda, dei frå Israel som var til stades, og Jerusalems-buane.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 35