Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 35:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så heldt Josjia påske for Herren i Jerusalem. Den fjortande dagen i den fyrste månaden slakta dei påskelammet.

2. Kongen gav prestane dei oppgåvene dei skulle ha, og sette mot i dei til tenesta i Herrens hus.

3. Og til levittane, som skulle vera lærarar for heile Israel, og som var helga til Herren, sa han: «Set den heilage kista i det huset som Israels-kongen Salomo, son til David, har bygt. De treng ikkje bera noko på akslene meir. No skal de tena Herren dykkar Gud og Israel, folket hans.

4. Gjer dykk ferdige, kvar i si ættgrein og sitt skift, så som David, Israels konge, og Salomo, son hans, har føreskrive.

5. Stell dykk opp i heilagdomen etter dei flokkane av ættgreiner som brørne dykkar i folket utgjer, ei levitt-ættgrein for kvar flokk.

6. Så skal de slakta påskelammet, helga dykk og stella alt til for brørne dykkar. Gjer det så som Herren har sagt gjennom Moses.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 35