Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 33:8-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg etla fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova og alle dei boda og føresegnene som dei har fått gjennom Moses.»

9. Men Manasse førte folket i Juda og Jerusalem vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.

10. Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei brydde seg ikkje om det.

11. Difor sende Herren hærførarane åt assyrarkongen mot dei. Og dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylonia.

12. Men då han var i naud, bad han Herren sin Gud om nåde og audmykte seg djupt for sine fedrars Gud.

13. Og Herren lydde etter då han bad. Han høyrde den inderlege bøna hans, førte han tilbake til Jerusalem og lét han få att riket sitt. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud.

14. Sidan bygde han ein ytre mur om Davids-byen, vestanfor Gihon, nede i dalen, fram til Fiskeporten. Han lét muren gå kring Ofel og gjorde han retteleg høg. Og i alle festningsbyane i Juda sette han hærførarar.

15. Så hadde han bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet, og like eins alle dei altara han hadde reist på Herrens tempelberg og i Jerusalem, og kasta dei utanfor byen.

16. Han sette i stand Herrens altar og bar fram måltidsoffer og takkoffer på det. Og han sa til folket i Juda at dei skulle tena Herren, Israels Gud.

17. Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.

18. Det som elles er å seia om Manasse og bøna hans til sin Gud og dei orda sjåarane tala til han i namnet åt Herren, Israels Gud, det står skrive i boka om Israels-kongane.

19. Og bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, og all synda og utruskapen hans og dei stadene der han bygde offerhaugar og reiste Asjera-pålar og gudebilete, før han audmykte seg, alt det er det skrive om i boka åt sjåarane hans.

20. Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i huset hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.

21. Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år.

22. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans, hadde gjort. Amon ofra til alle dei gudebilete som Manasse, far hans, hadde laga, og dyrka dei.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 33