Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 33:3-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Ba’algudane og laga Asjera-pålar. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.

4. Jamvel i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt bu til evig tid.»

5. I begge føregardane til templet bygde han altar for heile himmelhæren.

6. Manasse lét sønene sine gå gjennom elden i Hinnom-dalen. Han dreiv med teikntyding, spådomskunster og trolldom og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og eggja han til harme.

7. Gudebiletet som Manasse hadde laga, sette han opp i Guds hus, det Gud hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset og i Jerusalem, som eg har valt ut innanfor alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.

8. Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg etla fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova og alle dei boda og føresegnene som dei har fått gjennom Moses.»

9. Men Manasse førte folket i Juda og Jerusalem vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.

10. Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei brydde seg ikkje om det.

11. Difor sende Herren hærførarane åt assyrarkongen mot dei. Og dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylonia.

12. Men då han var i naud, bad han Herren sin Gud om nåde og audmykte seg djupt for sine fedrars Gud.

13. Og Herren lydde etter då han bad. Han høyrde den inderlege bøna hans, førte han tilbake til Jerusalem og lét han få att riket sitt. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud.

14. Sidan bygde han ein ytre mur om Davids-byen, vestanfor Gihon, nede i dalen, fram til Fiskeporten. Han lét muren gå kring Ofel og gjorde han retteleg høg. Og i alle festningsbyane i Juda sette han hærførarar.

15. Så hadde han bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet, og like eins alle dei altara han hadde reist på Herrens tempelberg og i Jerusalem, og kasta dei utanfor byen.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 33