Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 33:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Manasse var tolv år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år.

2. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og tok etter all den styggedomen som dei fór med, dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.

3. Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Ba’algudane og laga Asjera-pålar. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.

4. Jamvel i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt bu til evig tid.»

5. I begge føregardane til templet bygde han altar for heile himmelhæren.

6. Manasse lét sønene sine gå gjennom elden i Hinnom-dalen. Han dreiv med teikntyding, spådomskunster og trolldom og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og eggja han til harme.

7. Gudebiletet som Manasse hadde laga, sette han opp i Guds hus, det Gud hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset og i Jerusalem, som eg har valt ut innanfor alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.

8. Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg etla fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova og alle dei boda og føresegnene som dei har fått gjennom Moses.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 33